Alversund KFUK-KFUM-speidarar har opplevd stor vekst dei siste åra. Det synes vi er veldig kjekt, vi har verkeleg tru på at dette er ein aktivitet som er bra for born og ungdom. 

Vi er som regel ute og det er litt forskjellig utstyr som speidarane treng til aktivitetane våre. Vi vil her fortelje litt om kva som er nødvendig, og kva som ikkje er nødvendig av utstyr i speidaren, kva som er godt utstyr og kva som ikkje er særleg holdbart. Vi har lang erfaring både med friluftsliv og med speiding og har god kompetanse på dette.  Aktivitetane våre varierer mykje, frå korte turar i skogen lokalt i sommartemperatur, til overnatting i snøhole på Finse, så behovet vil sjølvsagt variera. Men her kjem generelle tips som alle speidarar kjem langt med, både til overnattingsturar og til faste møter. 

Vi foreslår turutstyr og speiderskjorte som gåver ved bursdag og jul. Jo lengre utstyret varer, jo meir bærekraftig er det. Det vanlegaste er å skaffe seg utstyr sjølv, men i BUA Knarvik, der alle kan låne gratis, har dei det meste. Det er eit godt alternativ.

Butikkar: Sport 1 i Knarvik har litt turutstyr, Ut Vestland har noko meir, XXL i Åsane har ganske mykje. I tillegg er det mange nettbutikkar, t.d. Fjellsport.no, hektapåtur.no og outnorth.no. Vi vil foreslå å bruke speidersport.no, eller Fritid-sport som ligg i Marken i sentrum. Dersom du handlar i ein av desse, går overskotet til speidaren, ikkje til ein kommersiell aksjonær.

I tillegg vil vi informere om Utstyrsfondet der dei som treng det kan få støtte til å kjøpe både speidarskjorte og nødvendig utstyr. Ingen skal gå glipp av speiding på grunn av økonomi.

Regntøy. Pustande regntøy bør ha vannsøyle på minst 10 000 mm. Ved bruk blir dei mindre og mindre vanntett, og det oppdagar vi ikkje før vi har vore ute i skikkeleg regnver. Følg med på om kleda under regntøyet er vått når dei kjem heim. Pustande regntøy blir meir vanntett ved vask og impregnering i vaskemaskin. Riktig vaskemiddel og impregnering kjøper du på sportsbutikk. Når vi skal vera lenge ute, fleire timar eller kanskje fleire dagar, er det svært viktig at speidarane er tørre så dei ikkje frys. 

Gummistøvler er kaldt om vinteren, sjølv dei fleste med fôr. Då er det ofte betre med vanntette vintersko, sjølv om det regnar. 

Sjå gjerne over bukser, jakker og sko innimellom, kle og sko med hol i er ikkje vanntette. Ei stripe gorillateip tettar hol i både bukser og jakker.

Lue, hals, votter/hansker. Velg gjerne ull til hovud og hals, det varmar sjølv om det blir vått. Fleece, “pusestoff” og anna syntetisk er kaldt når det blir vått og kaldare enn ull når det er tørt. Ha gjerne med eit lue og votte/hanske-skift i sekken om det regnar. Vottar/hanskar kan gjerne vere vanntette, det blir fort vått når vi held på med aktiviteter eller leiker.

Kle. Ullsokkar er best omtrent heile året. Ull varmar langt meir enn bomull. Nokre synes ullundertøy klør, men det fins merker som ikkje klør, t.d. devold duo active. Dei må ha på meir kle enn dei har på skulen, vi er ute lengre enn friminutta og det er kveld. Barn har det kjekt ute i all slags ver, så lenge dei er varme og tørre.   

Turfat, -kopp og -bestikk. Vi lagar ofte mat ute, så dette treng dei. Det kan ein få av god kvalitet utan at det kostar særleg mykje. Fat bør ha høg kant, og vera lett å halda i, vi har som regel ikkje eit flatt bord å setje fatet på. Det fins fleire ulike, gode turmatboksar.

Bestikket bør vera i metall, men ikkje av den minste typen.  Det bør vera lett for borna å setja saman heile bestikksettet, derfor er karabinkrok best, t.d. denne. Å betale ekstra for bestikk i titan for å spare nokre gram, er unødvendig. Denne posen er fin til å samle måltidssettet i. Spork ser smart ut, men knekk lett.

Fat i tre er fint å sjå på, men knekk veldig lett. Unngå eingongsfat, vi liker ikkje boss.

Merking er viktig, og at merkinga blir fornya. Det blir fort slitt vekk.

Kniv. I speidaren skal dei læra å bruke kniv, t.d. til spikking. Den kniven butikkane kallar speiderkniv er ikkje av dei mest solide, men ein god begynnerkniv for små hender. Elles kan ein gjerne unngå svære sameknivar.

Hodelykt treng vi når det blir mørkt. Vi vil helst unngå dei kraftigaste hodelyktene, det er ganske ubehageleg å få lyset rett i augene. Meir enn 350 lumen er ikkje nødvendig, og mindre går som regel fint. Pass på at lykta er opplada, eller at batteria ikkje er gamle. På turane våre er det alltid fleire lykter som plutseleg går tom for straum. Det kan ta lang tid å lade opp ei hodelykt, av og til fleire timar.

Sovepose er det verdt å investera i, det er viktig at den er varm nok. Vi overnatter ute sjølv om det ikkje er sommar, derfor bør det vera ein tresesongspose. Det er store individuelle forskjellar kor varm sovepose ein treng. Generelt trur vi det vil vera nok med ein komfort-temperatur/T-comfort på rundt 0 grader til turane våre. Dersom ein ikkje skal bæra så langt, går det heilt fint med to soveposar utanpå kvarandre. Eldre soveposar tapar seg litt i varme. Sovepose i dun bør ein unngå. Dei blir kalde om dei blir fuktige og er langt dyrare enn poser med syntetiske fiber.

Det fins mange ulike liggeunderlag, og nokre av desse bør ein unngå. Den viktigaste hensikta med liggeunderlag er ikkje at dei skal vera mjukt, men å isolera mot kulde. Oppblåsbare liggeunderlag er supert inne på golv, men som regel for kalde ute, og det går lett hol på dei. Dette liggeunderlaget er ofte godt nok, dette er endå varmare. Stein, kvist og gneistar frå bål kan ikkje laga hol i desse. Om du er villig til å legge ut over tusen kroner, kan du få oppblåsbare liggeunderlag som er både mjuke, varme og kan komprimerast, men dei toler ikkje herjing og gneister.

Ryggsekk. Når dei blir litt eldre går speidarane gjerne på haik. Det betyr at dei tar med seg alt dei treng til tur på gjerne eit døgn, går eit stykke for å overnatte ute. Då er det viktig at dei har god ryggsekk med plass til alt, t.d. sovepose, mat og fellesutstyr. Som regel treng dei sekk på minst 60 liter. Dersom noko skal festast utanpå sekken, må det henga heilt fast. Dinglande poser går fint eit par meter, ikkje lenger. Sekken må justerast til den som skal gå med han. Juster ferdigpakka sekk heime før turen.

Både sovepose og ryggsekk er litt dyrt, det kan altså lånast på BUA.

Til slutt har vi ei liste med forslag til julegåvetips:

 

Vi håper dette kan vera til nytte. Ikkje nøl med å ta kontakt om de har spørsmål rundt turutstyr. Vi fungerer gjerne som utstyrskonsulentar.