Vil du bli speider?
Bli med på eit speidarmøte!
Vi er ei stor speidargruppe med rundt 90 medlemmer, men vi har plass til fleire speidarar og leiarar. Har du lyst til å bli med?
Vi har speidarmøte annankvar torsdag. 1.-4.klasse har møter partallsvekene, 5.-9.klasse har møter oddetallsvekene. Dei aller fleste møtene er ute, ved Erstadvegen 113. I tillegg har vi fleire helgearrangementer og -turar i løpet av kvart halvår.
Det kan vera fullt for nokre aldersgrupper, men viss foreldre kan bidra fast på møtene, har vi alltid plass.
Medlemsavgifta er på 1200kr i året, dette inkluderer mellom anna møter med mange forskjellige aktiviteter (av og til med mat), forsikring og fire medlemsblader. Turane er som regel gratis, eller dei kostar 200-300kr.
Har du lyst til å teste speideren? Ta kontakt med oss for ein prat eller kom innom for å sjå kva vi gjer. Du kan kontakte oss på e-posten alversund.kfuk.kfum.speidere@gmail.com eller telefon 95058861.