Informasjon om speidaren til foreldre
Hei!
Her kjem viktig informasjon til alle føresette for born og ungdommar i speidaren:
Alversund KFUK-KFUM-speidere har opplevd stor vekst dei siste åra, og vi er no den største speidargruppa i Bjørgvin krets. Me nærmar oss 100 medlemmer! Det er me veldig glade for, me meiner jo at speiding er noko av det beste born og ungdom kan drive med!
Aldersgrupper
Me tilbyr for tida speiding for aldersgruppa 1. klasse til 16 år. 1.-2.klasse kallar me oppdagarar, dei får gult skjerf; 3.-4. klasse kallar me stifinnarar, dei får raudt skjerf; 5.-10.klasse er vandrarar og har blått skjerf (grønt på ungdomsskulen), dei eldste er roverar. Forbundet har laga merker og program i aktivitetsbanken til alle aldersgrupper.
Me er så heldige å ha eit fantastisk uteområde på garden til Øyvind og Åshild Vatshelle der me ofte (men ikkje alltid) har møtene. Så veit de at me må samkøyra for å unngå trafikkaos.
Behov for fleire leiarar
For å ta godt vare på både barn og leiarar, treng vi fleire vaksne som forpliktar seg til å koma fast på møtene. Me er nokre få personar som planlegg møtene, og det er fleire foreldre som hjelper til på møtene, men me treng fleire faste leiarar som gjennomfører det ferdig planlagte opplegget i patruljene (gruppene).
Dersom dette er aktuelt for deg, kan du først lesa dette om å vera leiar i speidaren, deretter kontaktar du Øyvind for aldersgruppa vandrarar, eller Ingrid for småspeidarane, for å vite meir kva oppgåva går ut på. Speidaren er basert på 100% frivillig innsats. Du kan sjølvsagt først bli med som hjelpeforeldre for å finne ut om du har lyst til å bli leiar.
I tillegg er det nokre enkeltoppgåver me treng folk til:
-
ein eller to som tar ansvar for at me har parkeringsvakt, særleg småspeidarane.
-
nokon me kan spørje om å handla mat på butikken når det er aktuelt til møtene.
-
å hente utstyr på utstyrslageret vårt på Kyrkjelydshuset opp til Erstad, og setja det på plass.
-
halda orden på, og dela ut speidarmerker.
Me veit at kapasiteten er ulik for dykk foreldre, så me vil ikkje krevja noko, men me treng altså at nokon tar på seg dette. Alt dette er enkle oppgåver som alle etter enkel instruks kan gjera. Kan du hjelpe til? Kanskje besteforeldre?
Medlemskap og pris
For medlemsavgift 2026 skal de ha fått faktura på e-post frå post@kmspeider.no. I skrivande stund er det berre halvparten som har betalt, sjølv om betalingsfristen var 18.02. Kan du sjekke om du har betalt? Sjå gjerne i søppelposten om fakturaen har hamna der. Om du ikkje finn fakturaen, send e-post til oss: alversund.kfuk.kfum.speidere@gmail.com.
Årskontingenten er no på kr 1305. I tillegg til medlemskap, dekker det mellom anna speidarskjerf, merke, mat/materiell på møte, forsikring og innkjøp/vedlikehald av felles utstyr.
Me veit at nokon opplever det vanskeleg å ha råd til å betala ein slik sum, men økonomi skal ikkje vera til hinder for å vera speidar. Derfor har me fleire ordningar for å søkje om økonomisk støtte, både til utstyr (til dømes speidarskjorte, kniv, sovepose), og medlemsavgift. Send melding til meg, Einar Amund Kartveit, så hjelper me. Dersom du allereie har betalt, kan me likevel få det til.
Innmelding og utmelding skjer ved at eg skriv barnet/ungdommen inn i medlemssystemet Hypersys etter informasjonen som ligg i Spond, utmelding skjer ved at du sender beskjed, så ordner eg det.
Forventningar til føresette
De skal sleppa å stå i kiosk kl.08 søndag morgon, eller selje 100 par sokkar. I mars kjem me riktignok til å ha eit Spond-loddsal der me har eit salsmål for kvar speidar, men altså ingen krav. Det me først og fremst forventar av dykk foreldre er at de:
-
prioriterer deltaking på møtene og turane. Dei fleste av aktivitetane våre gjer me i patruljer og me prøver å bygge opp ein patruljeidentitet. Det er vanskeleg når dei ikkje kjem.
-
følgjer med på og les varsel og informasjon me sender ut. Me prøver å ikkje drukna dykk i varsel og pling, men berre senda ut det som er relevant for deg.
-
kler borna riktig (sjå utstyrsdokumentet). Varme og tørre barn likar å vere ute i all slags ver!
-
trykker “deltar” eller “avslå” i Spond.
-
Når vi har innsamlingsaksjonar, td spond-lotteri, så deltek de.
-
Melder dykk når vi treng foreldre til Bymanøver, turar osb.
-
Bli gjerne med som leiar eller hjelpeforeldre
-
Om du veit at barnet ditt har ekstra mykje energi eller treng ekstra støtte på andre måtar, er det fint om du blir med på møta.
Grasrotmottakar
Alversund KFUK-KFUM-speidere er grasrotmottakar og me vil setja pris på om du vil vera grasrotgivar til oss.
Speidarskjerf og -skjorte
I speidaren er me glade i seremoniar. Nokre gonger i året har me ein seremoni som heiter opptakelse. Då skal barna avgi speidarløftet og få skjerf. Skjerfet brukar speidarane kvar gong me møtest.
Det er mange som etter kvart vil skaffa seg speidarskjorte. Det er stas, skapar speidaridentitet, og merkene dei får utdelt kan bli sydd på skjorta. Det er ikkje obligatorisk med skjorte, men det kan vera ein fin presang til jul eller bursdag. De kjøper skjorte enten på speidersport.no, eller på Speidersenteret i Marken (dei har ofte inne, men ikkje alltid). Husk at vi bruker grønn speidarskjorte (ikkje den grå).
Kommunikasjon
Me kommuniserer via Spond, som du les på app eller nettside. Sjå både arrangement, innlegg og meldingar. Me kjem frå no av til å prøve ut å ta inn betalingar via Spond.
Me prøver å svara på spørsmål snarast råd, men dette er altså arbeid me gjer på fritida vår, så ikkje forvent at me svarar på minuttet. Av og til treng me ei påminning.
Me har óg e-postadresse: alversund.kfuk.kfum.speidere@gmail.com.
I Spond er det to spørsmål om å kunne bruke bilder der bornet ditt er gjenkjennbart. 1)I Spond som kun er tilgjengeleg for speidarar i Alversund og 2)på vår opne facebook-side som er open for alle. Dei fleste, men ikkje alle, har svart på desse spørsmåla.
Utstyr
Vi har laga eit skriv om kva utstyr som trengs i speidaren. Det kan du lesa her.
Kva er eigentleg speiding?
Gjennom friluftsliv, samarbeid, vennskap og læring gir speidaren opplevingar for livet. Speidaren er ein av dei største organiserte fritidsaktivitetane i verda. Det starta i England i 1907, i Norge i 1911, og har sidan spreidd seg til heile verda. I speidaren er vi opptatt av at barna skal lære å klare seg ute, ta vare på kvarandre og naturen. Så mykje som mogleg av leik og læring skal skje ute i naturen, der barna får lære gjennom å prøve sjølv. Men speiding er meir enn friluftsliv. Program og merke bygger på dei fem verdiane: kristen tru, fellesskap, personleg utvikling, friluftsliv og samfunnsengasjement. Les meir om det her. Speidarrørsla er basert på kristne verdiar, men er open og inkluderande for alle, uansett livssyn.
Styret i Alversund KFUK-KFUM-speidere
Styret består i år av
Einar Amund Kartveit, leiar, tlf: 9505 8861
Øyvind Vatshelle, styremedlem, tlf: 947 96 535
Ingrid Kleiva, styremedlem, tlf: 952 43 141
Svein Frette, kasserar, tlf: 930 15 060
Speidarhelsing Einar Amund, Øyvind, Ingrid og Svein