Me har opplevd ein eventyrleg vekst på kort tid i speidaren i Alversund og er no blant Vestland fylkes største speidargrupper! Det er ikkje berre på grunn av at speidaren er populær, men óg takka vera alle me vaksne som engasjerer oss.  Det er veldig kjekt!

 

I Alversund vil vi at leiarar ikkje skal ha økonomiske utgifter med speidararbeidet. Vi betaler sjølv medlemsavgift, og dei som ynskjer speidarskjorte kjøper den, og ber kasserar Svein Frette om å få refundert utgiftene frå kontoen vår lokalt i Alversund. Vi kan óg sende reiserekning til han ved køyring. E-postadressa hans er sfrette@altiboxmail.no. 

 

Både speidarane og leiarane får skjerf. Vi ynskjer at leiarane brukar skjerf, slik speidarane gjera. 

Speidarane må gjennom opptaking for å få skjerf, men eg tenkjer at for leiarane kan vi ha det litt meir valfritt om ein vil delta på ein slik seremoni. Opptaking for leiarar har me eigentleg ikkje gjort så ofte i Alversund og løftet er litt meir omfattande enn for speidarane. Dette er løftet for leiarar ved opptaking/ledererklæring:

 

“Eg lovar å vere open for Gud. Eg vil hjelpe born, unge og vaksne til å utforske kristen tru og leve etter speidarlovnaden sin. Eg vil arbeide etter KFUK-KFUM-speidarane sine grunnreglar og organisasjonsføresegner, og vil syte for at speidararbeidet er trygt og sikkert. ”

 

Dette er óg ei ledererklæring som ein kan skrive under på og sende inn til registrering hjå forbundet. Dette har vi ikkje gjort i Alversund. Vi kan gjennomføre opptaking for leiarar t.d. på juleverkstaden 8.desember, det er kanskje nokre speidarar som óg kan bli tatt opp. Men eg tenkjer altså at dette er opp til kvar enkelt. Eg meiner at det går heilt fint å både gå med speidarskjorte, skjerf og engasjera seg i speidararbeidet utan å signere denne erklæringa eller å gjennomføre ein opptakingsseremoni.

 

Dette er noko vi gjerne kan ta ein prat om når det passar.

 

Det eg likevel ynskjer er at alle vaksne som engasjerer seg skal gjera to ting: søke om politiattest og gjennomføre kortkurset på nett. Politiattest søker du om her og skal visast til meg som gruppeleiar. Kortkurset består av nokre korte videoar med refleksjonsspørsmål som du kan sjå på eiga hand.

 

Det er viktig at vi har avklart kva vi forventar av kvarandre, og kva vi ikkje ventar av kvarandre.

 

Takk for at de er med å gjera speidaren i Alversund så bra!

 

Einar Amund

Gruppeleiar Alversund KFUK-KFUM-speidere